De graver i et sandtak

Jorun Karin Egge & Astrid Sirnes i Fløenbakken har forfattet en sak med flotte bilder fra tidlig i forrige århundre, som viser sandtaket i Fløen hvor de nå graver. Filen er vedlagt som pdf (må sees!), mens teksten er gjengitt her:

GAMALT SANDTAK I FLØENBAKKEN

 

 

Filen med bilder finnes her: floen

At der er mykje lausmasse i Fløen er gamalt nytt for folk med kjennskap til området. Boligblokka i Fløenbakken står på pælar opptil 18m lange, dei eldre og mindre husa står mest sannsynleg på lausmasse. Der var eit kommunalt sandtak i Fløen, og dei øvste husa i Årstadgeilen ligg på kanten av dette. Det kan ein sjå frå gamle foto frå Atlie KK som er å finna i Universitetet i Bergen si bildesamling, MARCUS ( marcus.uib.no). Alle desse bilda, og fleire frå Fløen, er datert 1928-01-28 Signatur: ubb-kk-n-301-027 Det første bilde(ubb-kk-n-301-027) er tatt litt nedover Fløenbakken og vi ser halve 37 i venstre bildekant. Dette er vårt hus. Sandtaket strekk seg frå ca bak huset i parsellen og oppover Fløenbakken/Årstadgeilen. Alrekstad skule er det største huset som ligg oppe på kanten. Signatur: ubb-kk-n-301-020 I andre bilde (ubb-kk-n-301-020), det som er tatt lengre oppe i Fløenbakken, viser endå tydlegare sandtaket, og vi ser litt av Alrekstad skule i venstre billedkant. Signatur: ubb-kk-n-301-026 Det tredje bilde (ubb-kk-n-301-026) er tatt frå sandtaket med utsikt mot Kronstad Som ein kan sjå frå bileta så går sandtaket ganske nær husrekka i Årstadgeilen. På 1930-talet, etter det vi har høyrt, raste massane ukontrollert ut foran Alrekstad skule og tok med seg deler ar muren foran eigedommen. Det blei grunnforskyvning rundt skulen og skader på huset. Etter dette blei sandtaket lagt igjen og det blei planta tre i skråningen for å stabilisera jordmassane. For nokre år sidan var der felling av nokre tre i denne skråningen. Då vart det teke ein bekymringstelefon til Bergen Kommune fordi ein var engstelig for kva som kunne skje dersom det blei fjerna for mykje trær. Ein blei beroliga med at det kun var i den nordre enden av skråningen det skulle fellast nokre få tre. I den brattaste delen kunne det ikkje takast ut tre utan at det auka faren for ras. Dei som bur der vart beroliga av det.

Spørsmålet me no stiller oss, til Bergen Kommune/Bybaneplanlegger er: – Sei at ein vil gå for Bybanetrasse gjennom Fløen parsell, grave seg ned 20+ meter, dobbelt så brei og lage kulvert. Kva vil då skje når ein kjem til skåningen? – Korleis kan ein klare å forsera skråninga, det gamle sandtaket, utan å felle tre og hindre at det rasar ut med fare for hus, og aller viktigast,- liv? Det er vanskeleg å forstå at dette kan gjennomførast på ein sikker måte. Då blir oppfølging spørsmålet: – Kvifor grave opp parsellen no (7.nov 2016) og øydelegge så mykje for så mange viss det seinare viser seg at traseen uansett ikkje kan byggast der? Bergen, 27.10.2016 Jorun Karin Egge & Astrid Sirnes, Fløenbakken 37, 5009 Bergen

Advertisements

Posted on oktober 28, 2016, in Uncategorized. Bookmark the permalink. Legg igjen en kommentar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: